Laget. Huset. Midt i bygda.
Hovdebygda Ungdomslag vart skipa i 1885. Laget held til i det store gule huset midt i bygda - «Ervingen», eller berre huset. Her har me møter, ungdomsklubb, festar, konsertar, kvisskveldar med mykje meir.
Har du idéar til andre ting me kan bruke huset til? Berre ta kontakt.
Bli medlem! Det kan løne seg - også økonomisk
Som medlem er du med på å halde liv i laget og huset. Dessutan får du særskilde medlemsprisar, både på mange arrangement og på leige av lokale.
Det er lett å melde seg inn! Bruk dette skjemaet.
Me har eit mål om at alle tilbod til ungar skal vere gratis, men oppmodar dei som kan om å melde inn ungane sine.
Kva skjer på huset?
Det finn du lettast ut på Facebook-sida vår , som vert oppdatert ofte.
Du finn oss òg på Instagram .
Kontakt oss
Du kan kontakte oss via Facebook eller sende ein e-post til hovdebygda.ungdomslag@gmail.com.